Eidsvollsmannen Fredrik Motzfeldt frå Molde by

I tillegg til dei tre representantane frå Romsdals amt (noverande Møre og Romsdal fylke), skulle byane Molde og Kristiansund velje kvar sin representant til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Frå Molde var det byfogd Fredrik Motzfeldt som vart valt til å vere med på å utforme ei ny grunnlov for Noreg fram mot den 17. mai 1814.

Byfogd Fredrik Motzfeldt.

Fredrik Motzfeldt var fødd i Skaun  i Trøndelag i 1779, og var altså ikkje meir enn 35 år gamal då han møtte på Eidsvoll. Han hadde teke studenteksamen ved Trondhjems Katedralskole i 1798, studerte jus og vart cand. jur. i 1801 med karakteren laud.

I 1806 flytte Motzfeldt til Molde, der han hadde fått seg embete som byfogd – samt at han også vart konstituert sorenskrivar i Romsdal. Same året gifte han seg med Anna Cecilie Jervell frå Molde. Området Cecilienfryd i Molde har sitt namn etter kona til byfogden, då den unge Motzfeldt meinte dette var eit høveleg namn på eit stykke av garden Bjørset som han hadde kjøpt utanfor sjølve sentrum av byen.

Dei første åra i Molde skulle bli utfordrande for den unge embetsmannen, då det var naudsår under napoleonskrigane. Ein frykta også at engelske flåtestyrkar skulle angripe dei norske kystbyane. Noko av det første Motzfeldt gjorde, var difor å organisere ein væpna vaktstyrke likt med kva ein hadde i Kristiansund. Byfogden var også sentral bak opprettinga av eit kornmagasin i Molde, og fekk mykje å gjere med naudprovideringa til byen. Kornmangelen førte til redsel for at det skulle kome til store opptøyar i Molde, og Motzfeldt fekk ei utfordrande oppgåve med å utporsjonere dei tønnene med naudkorn byen hadde fått tilsendt slik at alle fekk litt kvar .

I Molde var det val for å peike ut byen sin representant til Eidsvoll den 11. mars 1814. Som det står i referatet, var det slik at «Undertegnede Molde Byes Embedsmænd, Menighedsmænd, til lige med Dets Præst, tilstaae herved og bevidne: at Hr. Frederich Motzfeldt, Byefoged i Molde er af samtlige Stemmeberettigede valgt paa Molde byes Folks Vegne at møde ved Forsamlingen i Eidsvold udi Aggershuus Amt den 10de April 1814, for, saaledes som Hans Høyheds, Norges Regent, Prinds Christian Frederichs aabne Brev af 19de Februarii fastsætter, at deeltage i Bestemmelsen og Antagelsen af Kongeriget Norges Regieringsform».

Vel heime att frå Eidsvoll fekk Motzfeldt meir å gjere med borgarvæpninga i byen. Etter den korte krigen mellom Noreg og Sverige i juli og august 1814, meinte Motzfeldt ein måtte leggje meir vekt på militærøvingar også i Molde. Byfogden tvilte sterkt på om ein kunne forvente at det ville kome til noko trefningar med svenskane i Molde, som trass alt låg langt unna svenskegrensa, men meinte ein likevel måtte førebu seg: «Uaktet fienden etter rimelighet ei vil kunne besøke vårt lille sted, så er det dog mulig, og for da uten skam å kunne samvirke med et fra omegnen kommende fedrelandsforsvar, ander jeg det for viktig at borgervæpningen på tider hvorved de nødvendige sysler ei for meget hindres, øves i våpen.»

På Eidsvoll høyrde Motzfeldt til i det som har vorte kalla sjølvstendepartiet. Det same gjorde også amtmann Krohg frå Molde, medan prost Stub frå Veøy prestegjeld i Romsdal sokna til unionspartiet. Det blir sagt at Motzfeldt ikkje var så aktiv under Riksforsamlinga, men at han stemte trufast i lag med dei mest dristige i sjølvstendepartiet.

Same året som han møtte på Eidsvoll, vart Motzfeldt assessor i Høgsterett. Også seinare venta utfordrande embetsoppgåver for Motzfeldt, som mellom anna var statsrevisor frå 1821 til 1845 og møtte som stortingsrepresentant i 1830.

Skrevet av Mads Langnes